VR gjer det mogleg å skape overtydande illusjonar. Det gir ei kjensle av å vere til stades i eit kunstig miljø – og kan gi ei meir praktisk, kvardagsleg og morosam tilnærming til eit fag som mange elevar opplever som veldig teoretisk og keisamt.
VR Education presenterer matematiske oppgåver på ein røyndomsnær og praktisk måte. Målet er å styrkje forståinga for faget og byggje grunnleggande ferdigheiter i matematikk. Løysinga fungerer særs godt som supplement til tradisjonell undervisning, og bidrar til ei ytterlegare differensiering av undervisninga og læringsarbeidet.
Sjå relevante data for korleis elevane presterer i dei ulike emna over tid
Elevane løyser praktiske oppgåver ved hjelp av virtuell røyndom på mobilen
Løysinga monitorerer elevane etter kvart som dei løyser oppgåver, og vil automatisk heve vanskelegheitsgrada i takt med at elevane blir flinkare
VR Education har fått berre positive reaksjonar overalt der produktet har blitt brukt og demonstrert. Det blir no testa på fleire skular og vil bli kommersialisert like over sommaren. Her er samanfatta tilbakemeldingar frå Rykkinn barne- og ungdomsskule:
Thomas Nordahl, professor ved Høgskolen i Innlandet
Vis rapport Sjå video